Hornindal Rundt - Norges tøffaste fjelløp!

- Norges tøffaste fjelløp!


Det er no opna for påmelding til Hornindal Rundt 2012 - laurdag 7. juli.

Hornindal Rundt 2012 har blitt 3-poengs kvalifiseringsløp for The North Face® Ultra-Trail du Mont-Blanc® 2013.
 


Hornindal Rundt er eit fjelløp og ultraløp som går i eit flott skog og fjellterreng i Hornindal kommune. Løpet er 75 km langt, har ei total stigning på 5 600 meter og passar for trena mosjonistar så vel som erfarne maraton- og ultraløparar. Utan om ein matstasjon halvvegs i løpet vert det lagt opp til at løparane er sjølvforsynte.

Løpet startar laurdag 7. juli 2012 kl 09.00 og går utover søndag 8. juli. 
 
Løparane må innom 20 bemanna og ubemanna postar under løpet. Postane ligg rundt om i fjellandskapet i heile Hornindal. Løypa går frå lågland til fjelltopp, ned til setrar, opp på toppar og ned igjen. Løypetid ligg mellom 10 og 30 timar.
 
Løpet har to greiner i tillegg til eit miniløp for dei aller minste:
  • Heilt løp: ca. 75 km og 5 600 høgdemeter. 20 gjeldande postar.

  • Halvt løp: ca. 38 km og 2 900 høgdemeter. 11 gjeldande postar.
  • Miniløp: ca. 6,2 km; frå Sandgrova til Horndøla bru via Muldsvorhornet. Premiering.
    (kr. 50 per person / kr. 150 per familie, ikkje førehandspåmelding)
Velkommen til ein vakker tur i variert natur!