Løparcamp
Løparcampen vert etablert ved Honndalshallen, som er målgang for løpet og ca. 1 km i frå Hornindal Sentrum/Grodås.

Overnatting blir i separert sal for kvinner og menn. Det er sjølvhushald og løparane syter sjølv for liggeunderlag og sovepose etter eige behov. Tilgang til dusj.

Pris kr. 200 for ei eller to netter.

Campen er open i frå fredag til søndag.

Påmelding til løparcamp skjer i same skjemaet som påmelding til løpet.