Anna overnatting
Ta gjerne kontakt med dei lokale overnattingsstadane om du ynskjer overnatting i Hornindal.

Raftevolds Hotell
Raftevold Hotel er eit moderne turisthotel der gammal gjestfridom og heimsleg atmosfære har følgt med frå først av. Her er 44 rom med bad, dusj, WC, balkong, radio, telefon og TV, romslege opphaldsrom, dansesal, bar, to spisesalar, TV-rom og kafe. 

www.raftevold.no / Tlf.: +47 57 87 96 05 / E-post: post@raftevold.no

Huset Vårt
Kosleg eldre hus ved sentrum, Svormuseet og Hornindalsvatnet. Huset har 6 rom, enkel standard, to bad. Tosengsrom og enkeltrom. Seng og frukost eller sjølvhushald etter eige ynskje, tilgang til TV-stove, storstove og kjøken. Røykfritt.

www.husetvart.no / Tlf.: 57 87 94 82/906 76 845 / E-post: post@husetvart.no

Grodås Camping
Campingplassen ligg ved elveosen på Grodås, ved Hornindalsvatnet. Her er 7 hytter av ulik størrelse, og det er plass til både telt og bubilar. Felles sanitæranlegg.

http://www.hornindal.com/?f=08050120&id=4230 / Tlf.: 57 87 96 86/918 14 092 / E-post: rkobbers@start.no
 
Knausen Hyttegrend 
Knausen Hyttegrend kan tilby 5 moderne hytter av svært høg standard. Kvar hytte er om lag 40 m2 med 15 m2 overbygd veranda, i tillegg har hyttene romsleg hems. Her er sengeplass til 6 personar (utanom hems), og det er WC/bad med varme i golvet. Hyttene har alt du treng av kjøkkenutstyr, kaffitraktar, steikeovn, kjøleskap, støvsugar, fjernsyn med Astra-Satelitt og peisovn.

http://knausenhyttegrend.no / Tlf.: 57 87 96 12 / E-post: post@knausenhyttegrend.no

Arrangøren kan vere behjelpeleg med å ordne overnatting ved utfordringar.