Praktisk informasjon
Løpet går av stabelen i Hornindal kommune, laurdag 4. og søndag 5. juli 2020.

Registrering og ansvar
Før start må alle deltakarar registrerast med namn og signere på erklæring om egenansvar.
 
Startnummer og løper info blir delt ut etter registrering i sekretariatet.
 
Sekretariat er i Honndalshallen.
 
Sekreteriatet er ope fredag kl. 17.00 til 21.00. 

Sekreteriatet/registrering for utlevering og registrering av løparar stenger laurdag kl 07:30. Både 75 km og 38 km deltakarane må hente ut startnummer FØR kl 07:30 laurdag
OBS: Sekreteriatet er IKKJE ved startområdet, men i Honndalshallen, ein avstand på ca 900 meter

Felles informasjonsmøte fredag kl. 19.00 i Honndalshallen (norsk) og kl 19.30 (engelsk).

Endring av grein under løpet
Ein kan nedgradere i frå heilt til halvt løp etter passert halvt løp. Dette vil bli godkjent som halvt løp, men ein vil ikkje få konkurrere på resultatet. 

Start
Fellesstart. Starten går laurdag kl. 08.00 for både 75 km og 38 km. Startstad er midt i Grodås sentrum på den store plassen mot Hornindalsvatnet.

Mål
Mål er ved Honndalshallen for 75 km og ved Horndøla bru for 38 km.

Diskvalifikasjon
Om deltakaren misser ein av postane, altså avvik frå merka trasse, vil dette automatisk føre til diskvalifikasjon frå løpet. Fleire plassar har ein "fram-tilbake" springing. Dette er Post 3: Vikasætra, Post 8: Holskassætra, Post 10: Kupa og Post 12: Blåvatnet. Om Hornindal Rundt mannskap observerer at deltakarar legg att sekken i for å få mindre vekt på desse distansane, kvalifiserer også dette diskvalifisering.
Eventuell klage skal rettast mot juryen.

Transport
Deltakarar som har brote, plikter å melde frå til nærmaste kontrollpost eller til sekretariatet. Tlf. nr. finn ein i info foldaren ein får utdelt ved start. Deltakar må gå til nærmaste veg. Arrangør organiserar transport i sekretariatet.

Hornindal Rundt tilbyr transport av sekkar i frå start til Horndøla bru (mål 38 km løp/halvvegs 75 km løp) og tilbake igjen. Ein kan her legge igjen sekkar med bytteutstyr, suppleringar og anna. Husk å merk sekken godt.

Utstyr
Ryggsekk med fulladda mobil, førstehjelpsutstyr (plaster, lett bandasje gjerne trykkbandasje), fløyte, refleksvest, * Hornindal Rundt-kart, vindtette yttertøy, hovudlykt med ekstra batteri for . Det blir teke stikkprøver i startområdet. 

Anbefalt utstyr
Lue og hanskar, GPS/klokke/mobil med innlagt trasé, plaster og gnagsårplaster. 
PS: Været kan endre seg fort, og temperaturen kan bli lav på dei høgaste toppane. Tenk såleis også på varme klær.

*) Kart vert utlevert ved registrering.

For dei som deltek på heilt løp vert det høve til å byte ryggsekk ved halvt løp. Ein kan dermed levere inn ein ryggsekk før løpet, som så blir transporert av arrangøren til Honndøla Bru. Dette på eige ansvar. Merk sekken godt.

Det er tillete å nytte stavar.

Mat og drikke
Løpet er semisjølvforsynt med ein matstasjon ved Horndøla bru (mål halvt løp). Utover dette må løparen sjølv ordne med mat og drikke. På matstasjonen får ein varm betasuppe med saft og energidrikk.

Kart
Løypa dekkast av eige kart som er utvikla for løpet. Dette får ein utdelt i sekretariatet ved registrering. Det anbefalast også å legge inn rute på GPS.

Tempo
Alle går i sitt eige tempo, men pga. tidsbegrensing i mål på 30 timar har vi lagt inn ein post med maksimal tid, der alle løparar over makstida blir stoppa. Storesetra makstid: 19 timar.

Aldersgrense
For heilt løp er nedre aldersgrense 15 år. For halvt løp er nedre aldersgrense 12 år. Alle under 16 år skal gå i følgje med foresatt/vaksen, jmf. sikkerheitsinstruksen.

Ta kontakt med arrangøren dersom du har spørsmål.