Sikkerheitsinstruks
Før start på turen må deltakarane (føresett for dei under 18 år) signere følgende egenerklæring om sikkerheit:

Egenerklæring
Eg stadfestar at eg deltek på Hornindal Rundt på eige ansvar.
Eg har lest og forstått sikkerheitsreglane som gjeld for årets Hornindal Rundt. Eg har sett meg inn i skriftleg og munnleg informasjon gjeven av arrangøren, og forstår at løpet til tider går i krevjande skogs- og fjellterreng.
Der løpet føl eller kryssar trafikken pliktar eg å vise aktsomheit for trafikantar.
Eg har med meg det utstyret som er påkravd. Eg er sjølv ansvarlig for å ta meg trygt fram gjennom løpet, held sjølv nødvendig utstyr og proviant og er sjølv fysisk og psykisk rusta for løpet.
Eg pliktar å halde meg til den merka løypa og melde meg på kontrollpostane.
Dersom eg bryt løpet, pliktar eg å melde meg til arrangør så fort som mulig.
Eg pliktar å rette meg etter dei beskjedar som blir gjeve av arrangøren.
Dersom det oppstår nødsituasjonar plikter eg å hjelpe til etter beste evne og melde i frå til arrangøren.
Eg er klar over at deltakarar under 16 år skal gå i følgje med en vaksen.
Eg rettar meg etter fjellvettreglane.
Eg stadfestar at eg har fått utlevert elektronisk startbrikke og at denne skal leverast tilbake i same stand som eg fikk den. Dersom eg mistar eller øydelegg den pliktar eg å erstatte den med kr 600.

Sikkerheitsreglar

Ansvar og sikkerheit
Alle deltek på eige ansvar, og må følgje sikkerhetsopplegget til arrangøren og fjellvettreglane. Alle under 16 år skal gå i følgje med ein vaksen person.

Dersom det oppstår nødsituasjoner plikter ein å hjelpe til etter beste evne og å rette seg etter instruksar frå arrangøren. Ved behov for akutt hjelp skal medisinsk nødnummer 113 varslast aller først.

Fysiske krav
Turen krev god fysisk form, kondisjon, utholdenhet og ansvarlig vurderingsevne i fjellet.

Avbrutt løp
Dersom ein avbryt løpet skal dette gjerast ved næramste bemanna post. Om dette ikkje let seg gjere, skal ein ringe sekretariatet.

Traséen
Løparane pliktar å fjølge oppmerka løype og å melde seg ved kontrollpostane. Ferdsel utanfor merka løype fører til diskvalifikasjon. Løypa er merka med kvite prikkar, raude band med og utan refleks samt solcellelamper. Skilt er plassert ut der det er nødvendig.

Påkrevd ustryr
Ryggsekk med fulladda mobil, førstehjelpsutstyr, fløyte, refleksvest, Hornindal Rundt-kart, kompass, vindtette yttertøy, klesbyte samt hovudlykt med ekstra batteri for 75 km-løpara. Det blir teke stikkprøver.

Makstid
Deltakaren må bryte løpet dersom ein passerar Storesætra (post 15) etter 19 timar. Dette skal aksepterast.

Tåke
Dersom deltakarane kjem ut for tåke skal ein danne grupper på 4-5 personar. Gå på rekke, slik at førstemann har neste merke i sikte før sistemann slepp førre merke av syne. Avtal signal i gruppa.

Området rundt Kviven (post 17) er mest utsett for tåke. Posten er bemanna og organiserer grupper og viser retning og sti for å komme trygt ned.

Fjellvettreglane
Legg ikkje ut på langtur utan trening.
Meld frå kvar du går.
Vis respekt for vêret og vêrmeldinga.
Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev.
Lytt til erfarne fjellfolk.
Bruk kart og kompass.
Gå ikkje alene.
Vend i tide. Det er ingen skam å snu.
Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig.