Historia bak løpet
Fjelltrimmen
Sommaren 1970 starta Hornindal idrettslag opp med det som vart kalla Fjelltrimmen. Ideen hadde formannen i idrettslaget fått då han studerte i Trondheim og orienterte seg fram til postar i Bymarka. Det vart plassert ut postar med notisbøker på enkelte fjelltoppar der folk ved besøk kunne skrive ned dato og namn og få poeng etter kor høg toppen var. I august kunne folk lese i Fjordingen at postar var å finne på sju fjelltoppar, nemleg Ytrehornsnakken, Høgenibba, Nedste Tussevatnet, Hornindalsrokken (seinare kutta ut), Dauremålhornet, Sætrehornet og Middagsfjellet.
Postane skulle takast inn 25. september (i dag endra til 10. september). Tilbodet vart populært, for i november kunne ein lese i lokalavisa at det hadde vore god oppslutning om fjelltrimmen, 209 personar hadde besøkt ein eller fleire postar. Eit nytt tilbod var kome for å bli.

I åra som følgde, kom nye postar til, slik at i dag er det 20 postar i alt. Første åra var det ikkje eigne klassar for herrar, damer, gutar og jenter slik som no. Mange konkurrerer om å få mest poeng i løpet av eitt år, men dei fleste går for å trimme og halde seg i form. Rekorden no er 1705 poeng i løpet av eitt år. Det tilsvarer 213 gonger på Høgenibba.

I 2009 var det 19327 besøk til saman på dei 20 postane. Som venta er det dei postane som ligg nærast bygda, som er mest besøkte. Kirkhornsetra og Kjøsahalsen brukar å ligge på topp. Storesetra, der posten ligg ute berre om vinteren, har også mange besøk. Tala for 2009 viser 3972 besøk på Kirkhornsetra, 3078 besøk på Kjøsahalsen og 3109 noterte besøk på Storesetra. Imponerande tal som fortel om stor turglede.

Supertrimmen
Frå 2000 kom ein nyskapnad til, nemleg Supertrimmen. For å bli supertrimmar må ein besøke alle postane i løpet av ein sesong, frå september til september. Heile 70 personar greidde dette i 2000. Premien til alle desse var eit krus med motiv frå ein av trimpostane, teikna av Rolf Taraldset. I 2000 var det Blåvatnet som var motivet. I alle år seinare er det også Rolf som har teikna motivet på kruset som supertrimmarane får. Også Supertrimmen har slege svært godt an.

Alle postane på eitt døgn
Etter kvart begynte grupper på to eller fleire å gå desse fjelltrimpostane på rundt eitt døgn. Nokon har gjort tradisjon av dette og går runden ein gong i året.
Postane ligg rundt om i fjellandskapet i heile Hornindal kommune, slik at du får sett bygda frå mange ulike retningar i løpet av turen. Det at ein går frå lågland til fjelltopp, ned til setrar, opp på toppar og ned igjen, gjer at du får ein variert tur gjennom mange fantastiske landskap med flotte utsiktspunkt. Ein ser langt inn i sunnmørsalpane, ut mot kysten og mot fjellmassiva rundt Jostedalsbreen.  Med dette som utgangspunkt kom tanken om at vi kanskje skulle prøve å få til ein konkurranse, eit løp, med besøk på alle desse postane.