Meld på
 
Påmeldingsfrist: 2. juli 2018
 
Maks antall deltakarar: 500

Påmeldingsavgift
Før 14. mars 2018:       kr   800,- 
Før 14. juni 2018:         kr   900,-
Før 2. juli 2018:            kr 1.000,-
Etter 3 juli 2018:           kr 1.500,-


Kva inngår påmeldingsavgifta?
I påmeldingsavgifta inngår deltakarpremie, mat på matstasjon, medalje samt transport til/frå mål/start.

Medlem i Hornindal IL?
Som medlem i Hornindal IL har du rett til ein rabatt. Denne rabatten får du ved å kontakte arrangementskomiteen..

Tilval:

Hornindal Rundt tilbyr løparane enkel overnatting gjennom vår løparcamp. Denne er tilgjengelig frå fredag til søndag, og ein har tilgang til enkelt kjøkken og garderobar. Deltakaren sjølv må syte for liggeunderlag/sovepose. 

Pris på løparcamp: kr 200,-

Det vert også deltakarmiddag på Raftevolds Hotel etter informasjonsmøtet på fredag. Meny kjem ein tilbake med på eit seinare tidspunkt.

Pris på middag: kr 175 ,- (husk å krysse av for vegetar i påmeldingsskjemaet for vegetarianarar). 

Arrangørens og deltakarens rettigheter:

50 % av startkontigenten vert refundert ved avmelding innan 14. mai 2018.
Dersom tilval som deltakarmiddag og overnatting er valgt vil heile denne summen bli refundert.

Dersom løpt blir avlyst i løpet av arrangementsdagen på grunn av vêr og sikkerheitsmessige forhold beheld arrangøren startkontigenten.

Ved påmelding samtykkjer ein at namn, aldersklasse og klubbmedlemsskap blir offentleggjort i start- og resultatlister. 

Ved påmelding samtykkjer ein også at arrangøren kan ta bilete som kan publiserast offentleg. 

Spørsmål ang. påmelding til Hornindal Rundt: Kontakt oss.