Midt mellom Jotunheimen og Nordsjøen finn du Hornindal. Omringa av dei flottaste og mest spektakulære fjella Norden har å by på, og med ein natur som kun finst i eventyrboka, såg pioneren Amund Sverre Tomasgard seg aldri attende. Hornindal skulle skape det ultimate ultra fjell-løp, så mykje tøffare enn det verda tidlegare hadde sett. 20 fjellpostar, 75 kilometer og 5.600 høgdemeter skulle gjennomførast i eitt og same løp. Kjensla du får av å stå på Gulekoppen og skimte Jostedalsbreen i sør, Sunnmørsalpane i nord og havet i vest, så sliten i beina at kun viljen og råskapen framleis vil holde deg i gang. Kjensla når du passerer mållinja etter timar med beintøff kamp i naturen og kan sjå attende på at du har fullført eit løp få andre har gjort før deg.